10
feb

kl. 10:00

Tordis Irene Fosse holder gratis skrivekurs!

Hovedscenen

Bli med på gratis skrivekurs.

Meld deg på: over(@)eldo.no

Kurset varer ca 1,5 time.

Program for skrivekurs, Eldorado bokhandel, 10.12.13

Det blir ein kort presentasjon av boka Skrivelysten? Råd og hjelp og rare ting å prøve og av forfattaren bak boka: Tordis Irene Fosse.

Emnet for skrivekurset er personframstilling. Deltakarane blir ført trygt gjennom ei enkel skriving som kan resultere i ei mangfaldig og tekst om ein person. Det kan vera at skrivaren oppdagar noko nytt ved personen, og det kan bli ei tekst å gi til personen? Og ut av den eine teksta kan det plutseleg koma fleire småtekster!

 

Vi kjem innom fleire skriveteknikkar og forvandlingsteknikkar undervegs - med gjenbruksverdi! Det er lov å hoppe lett over det som ikkje passar. Til slutt blir det opna for deling med andre, men ingen blir det minste pressa. Alt du skriv, kan bli verande mellom deg og papiret!

 

Velkomne!

 

Helsing Tordis Irene Fosse

tordis.fosse@senior.hioa.no
 

Forfattaren er tidlegare førsteamanuensis i norsk ved Høgskolen i Oslo, er utdanna kunstteraput og utdanna i arbeid med draumar hos Strephon Kaplan-Williams. Ho har arbeidd særleg med skriving, i pedagogisk og kreativ samanheng og som ledd i sjølvutvikling.