11
feb

kl. 17:00

Kolofon forlag presenterer

Hovedscenen

Lansering "Sverre Pedersen - en pioner i norsk byplanlegging", av Helga Stave Tvinnereim

Arkitekt, Professor Sverre Pedersen (1882-1971) har laga meir enn hundre planar for norske byar og tettstader. I tidleg mellomkrigstid blei han internasjonalt anerkjend for sitt byplanarbeid og fekk mange utmerkingar og sentrale tillitsverv i internasjonale organisasjonar. 

Som professor i Bygningskunst I ved NTH i åra 1920-1954 kom han til å prege ein generasjon arkitektar og byplanleggjarar som var hans studentar. 

Med sin autoritet og faglege gjennomslagskraft fekk Sverre Pedersen også motstandarar.

Dette fekk han særleg merke under og etter den andre verdskrigen då hans eigen fagorganisasjon NAL gjennom ei utanomrettsleg sak straffa han for det dei meinte var unasjonale holdningar han hadde vist i arbeidet som leiar av gjenreisingsorganisasjonen Brente Steders Regulering. Denne boka viser at desse skuldingane var grunnlause. Aksjonen mot Sverre Pedersen er eit eksempel på kor urimeleg somme kunne bli behandla etter krigen.