Pris
Kr 379,-
16 i butikken

Lars Petter Sveen

Fem stjerner

roman

Fem unge menneske på flukt gjennom ei ukjent verd. Aisha og Said er barnesoldatar, men greier å rømme frå leiren utanfor Mogadishu i Somalia. Seinare møter dei Isir, Aaliyah og Khadar som flyktar frå det same. Dei fem bestemmer seg for å halde saman og prøve å komme seg til Europa. Men korleis overleve i ei verd der ingen vil ha ein? Med ingenting anna enn kvarandre startar dei på ei reise som fører dei frå telta i flyktningleirane til lastebilar gjennom ørkenen, frå brutalt fangenskap til bølgjene i Middelhavet. Det handlar om dei som mistar alt og flyktar til ingenting, men òg om håp, samhald og vennskap. Kven er du når ingen veit kven du er? Fem stjerner er første bok om flukta.