Pris
Kr 169,-
9 i butikken

Frode Grytten

Menn som ingen treng

noveller

Menn som kjører vekk. Menn som blir igjen. Menn som krasjar nye bilar. Menn som er på veg ned. Menn med for mykje gjeld. Menn med uvanlige kjønnsorgan. Einsame menn. Fredelige menn. Valdelige menn. Ærlige menn. Kriminelle menn. Menn ein stad midt imellom. Menn frå Rjukan. Menn frå Lillestrøm. Menn frå Fyllingsdalen. Menn frå Warszawa. Menn i eit nytt og skrudd Noreg. Menn som treng kvinner. Menn som treng menn. Menn som ingen treng. "Menn som ingen treng" er Frode Gryttens niande novellesamling, og det er ni år sidan han sist utgav noveller, denne sjangeren som kanskje står forfattaren nærmast. Samlinga rissar opp eit kart over Noreg og Europa - her finst desperasjon, kjærleik, håpløyse og komikk. NOMINERT TIL BOKHANDLERPRISEN 2016