Oddvar Soldal

Hardanger

Hardanger har i over 150 år vore eit attraktivt mål for tilreisande frå innland og utland. Det er først og fremst naturen - med brear, fossar, fjordar og fjell - som trekkjer folk hit. Med sine mange vegar over fjella og innover fjordane har det alltid vore forhaldsvis lett å koma til. I denne boka tek forfattar Oddvar Soldal oss med på ei reise i Hardanger der han gjer oss kjende med natur, kultur, næringsliv, attraksjonar, folk og fe.